![]() ![]() |
![]() 26.12.2009 KILL - OsloBetong/South of HeavenAnmeldt av Olve Kolden
(12.12.2009)![]() Faustcoven kjem ruslande på scena, eg har knapt nok høyrt bandet før, men har høyrt nok um dei til å vera heilspent. Johnny Tombthrasher plasserar seg bak trommene og Faustcoven trør i gong det ondaste eg har høyrt innan Doom Metal. Det er rått, skarpt, riffknusande, skinnhamrande og ikkje minst TUNGT. Men mest ondt, ondt. Stemninga desse fem skapar er utleita frå dei myrkaste krokane nedi Helheimen. Og dessutan frå styggammal Doom; og det meir frå Winter enn frå Electric Wizard, for å seia det slik. Det "verste" er jo at dette er likandes rocka midt uppi alt myrkret, grunna tydelege gamle inspirasjonskjeldar. Vokalisten skjèr frykteleg og kongeleg igjennum, utruleg sterk vokal som kan frysa til is det meste som kjem innan høyrevidde. Kjenner ikkje namnet på mannen, men det finn du ut sjølv, du sit og glanar på Internett allereie. Kill frå Goatenburg skal "headline", men det syner seg snøgt at "avslutte kvelden for fyrebanda" er ei meir skildrande nemning. Frå start av legg Kill seg overraskande beskjedent til med tanke på volum og drapsinstinkt. Den svenske Death Metal'en er ekspertar på å få fram sjelege konsertar med jamn lyd, men Kill er eit rettruande Old School Black Metal-band og då er ikkje denne sterke laganden i framføringa noko føremon, tvert um. For medan Ghoul Cult og Faustcoven verkeleg synte og brynte kniven, verkar Kill jamne og tamme midt uppi faenskapen, som dei har greidd å føysa frå seg betre før - på Club Maiden (RIP) i november '07. Kred for satansk tromming, han lever verkeleg upp til bandnamnet, men eg synest likevel det er sjølve stilarten som bergar konserten frå å verta kjedeleg. For det vert den då ikkje, til det er her for overtydde handverkarar til at det går gale, men samstundes er nett dèt problemet. Kan eg nokon gong forlange festfaktor av Black Metal gjer eg det no. South Of Heaven sin gamle stil med råvaremetall på Bunnpris-nivå (kr.20,-/60,-) er tydelegvis attende, og her var høveleg mykje folk. Bra! Men ved midnattsleite gjekk brått halve hopen. For å feira Lucia? Synest ikkje transporten frå Majorstua-holet er slik eit stress når siste t-bana mot sentrum går ein time etter midnatt.
Andre omtaler:07.09.2010 HITS 2010 - Dag 4 - USF Verftet 06.09.2010 HITS 2010 - Dag 3 - Garage 05.09.2010 HITS 2010 - Dag 2 - Garage 04.09.2010 HITS 2010 - Dag 1 - Garage 03.09.2010 JETHRO TULL - Oslo - Sentrum Scene 02.09.2010 SEVENTH WONDER - Oslo - Elm Street 01.09.2010 JORN – Oslo - Rockefeller 25.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 3 - Tsjekkia 24.08.2010 GALLOWS - Bergen - Garage 24.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 2 - Tsjekkia 23.08.2010 GOJIRA - Bergen - USF Verftet 23.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 1 - Tsjekkia 07.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 3 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland 06.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 2 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland 05.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 1 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland 31.07.2010 TONY CAREY - Oslo - Gamla 29.07.2010 PUMA - Moldejazz 2010 - Forum, Molde 26.07.2010 BAD RELIGION - Oslo - Rockefeller 22.07.2010 KAMELOT - Trondheim - Blæst 17.07.2010 OSLO LIVE 2010 - Kontraskjæret |
![]() ![]() |











































