Søkeord:   


17.01.2010

HJALLARHORN - Oslo

Elm Street

Anmeldt av Olve Kolden
(08.01.2010)

Gig_Hjallarhorn_Oslo_10.jpg
Hjallarhorn fyrar upp ein verkeleg bra start på tiåret med sin New Wave Of Classic Heavy Metal, legg vekt på Heavy, for det osar gamle dagar av dette. Eit band som er like so rutinert som dei er obskure. Med gjennumarbeidde låtar som ikkje er basert berre på vers og refreng, men med overgongar og riffing, som gjer musikken mykje meir interessant enn kommers US Metal. Dei dreg seg over i rask/midt-tempo Thrash Metal rett som det er. Vokalen har eg òg sans for, den er ekte og halvrå og gjer ikkje for mykje av seg. Godt! Verre er det med alt snakk og plukk imillum låtane, ville ha stramma upp konsertupplevinga noko der. På Elm Street kan ein stundom høyra kvart einskild bandmedlem godt framheva og samansette i lydmiksen, so òg i kveld, sjelekveikjande er det; sjølv um det - på grunn av det låge lydnivået i bula, og lokalet i seg sjølv - framleis er slik at konserten går føre seg framføre scena, lenger bak er det... hm. Overraskande
 brutalt val av coverlåt: "Creeping Death", greitt nok, i originalversjon er bomberiffnivået hakket høgare; uansett forlet eg åstaden i god stemning. Uvettugt å høyra på all dagens Metal (eller "Metal") utan å ha gått vegen um det livgjevande 80-talet, dette har Hjallarhorn forstått og leverar deretter. Hail Heimdall!

Andre omtaler:


07.09.2010 HITS 2010 - Dag 4 - USF Verftet
06.09.2010 HITS 2010 - Dag 3 - Garage
05.09.2010 HITS 2010 - Dag 2 - Garage
04.09.2010 HITS 2010 - Dag 1 - Garage
03.09.2010 JETHRO TULL - Oslo - Sentrum Scene
02.09.2010 SEVENTH WONDER - Oslo - Elm Street
01.09.2010 JORN – Oslo - Rockefeller
25.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 3 - Tsjekkia
24.08.2010 GALLOWS - Bergen - Garage
24.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 2 - Tsjekkia
23.08.2010 GOJIRA - Bergen - USF Verftet
23.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 1 - Tsjekkia
07.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 3 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland
06.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 2 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland
05.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 1 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland
31.07.2010 TONY CAREY - Oslo - Gamla
29.07.2010 PUMA - Moldejazz 2010 - Forum, Molde
26.07.2010 BAD RELIGION - Oslo - Rockefeller
22.07.2010 KAMELOT - Trondheim - Blæst
17.07.2010 OSLO LIVE 2010 - Kontraskjæret