![]() ![]() |
![]() 26.01.2010 CLITEATER - OsloElm StreetAnmeldt av Olve Kolden
(23.01.2010)![]() Laserguys - med Hommelvik World Supremacy på agenda'en - er fyrst på med ein serie stutte (særs stutte!) låtar. Dei varar umtrent like so lengje som pratinga imillum. Underhaldande og lite sjølvhøgtideleg kan eg garantera, men noko anstrengt og fiksert humor. Grind'ens svar på Lobotomized? Noko att før Laserguys er på Lobogjengens ville nivå. Uansett kjem eg på konsert for musikken sin del, og i Laserguys sitt tilfelle høgg den seg hjælma bra fram i det vi får av små Lasergrindsalvar. Av ein gitar, vokal og trommer. Bassgitar er det verre med. Laserguys er utilfreds med publikum og kallar oss for ei forhud "...som trække se tebake når jobben begynn". He, he!! Bandet presenterar seg som Peter Criss (Sildakongen Goes Grind Drumming), (Popol) Ace Frehley (fiskesprettgitar og tullprat), Gene Simmons (fråverande p. g. a. bestefarpermisjon) og Paul Stanley (übergrindthroat). Kraanium er meir kjend for Oslo-publikummet, vil eg tru. Ikkje få konsertar dette unge bandet har lagt bak seg i hovudstadsumrådet. No går vi frå Laserguys lette og upprivande Grindcore m/humor til eit meir myrkt lydbilete med to gitarar - og bass, ikkje minst! Og innadvendt innstilling. Heilt greitt i deira samanheng, låtane vert i alle fall presentert fyreåt, og Kraanium fører seg energisk headbangande, kan ikkje hugse å sett dei slik før. Saftig myrkt, bandet har eit smalskore uttrykk, som lett kunne ha vorte einsformig, men her verkar dei verkeleg inspirerte og leverar fengjande sakar! Vokalen er særs gryyywl, sterk, men avhengug av god miks og innpakning av dei andre i bandet. Dette glir framifrå i kveld, for Kveldens Kraanium er det beste eg har sett av dei, trass i småproblem med utstyret innimillum er deira Grind (eller Slammin' Brutal Death, som dei sjølv kallar det) eit dansevenleg prosjekt med nesten groovande taktskifte i eit breitt, tett lydåtak. Dei fire i Cliteater fresar i gong i eit tempo som eg ikkje har høyrt makan til. Ikkje sidan førre Nekro Booking-kveld i alle fall, he, he. Gitaristen køyrer stundom "einarms-riffing", trommane og bassisten held eit køyr som du kunne få til på ein LP dersom du spelar den på 45 rpm. Imponerande nok i seg sjølv, og eg undrar på um nederlendarane greier å halde dette frenetiske tempo'et uppe heile konserten igjennum. Nei, der legg dei inn nokre meir menneskelege sakar rundt 100 km/t, og det gjer låtane særs headbangande og mosh-krasjande - her er verkeleg liv på golvet no! Ikkje mindre på scena, der vokalisten vartar upp med det eine brå karatsparket etter det andre. Cliteater fortset i same lydfarge som Kraanium (Death Metalsk Grind), fortsatt grywl, men ein gitar. Her er det so godt trykk at eg kan ikkje hugse sist tak og veggar Elm upplevde noko slikt. Ikkje grums og ubalanse i råkøyret, sjølv um eg mistenkjer lydanlegget for å vere på bristepunktet på slutten. Å stå på scena på Elm er å vera eit "sosialt medium" for nokre band. Men slå ikkje bandet i ballane, for faen. Cliteater handterar dette framifrå, fronta av ein sjølvmedveten og imøtekomande vokalist, han tek seg tid til presentera låttitlar, frå kva for eit album, og: forklåra bakgrunnen for teksta når naudsynt... Slitne vert dei ikkje heller, dei dreg to ekstra, deriblandt ein versjon av "Speak English Or Die", som ved dette høvet heiter "Eat Clit Or Die". Eg kjenner meg gledeleg grinda etter dette! Nekro Booking har flytta frå Skuret til Elm Street, skilnaden for publikum er at gitarlyden særleg, er meir nyansert (Elm), men mindre hardtslåande trommar (Skuret). Skål og god jul.
http://www.myspace.com/cliteater
Andre omtaler:07.09.2010 HITS 2010 - Dag 4 - USF Verftet 06.09.2010 HITS 2010 - Dag 3 - Garage 05.09.2010 HITS 2010 - Dag 2 - Garage 04.09.2010 HITS 2010 - Dag 1 - Garage 03.09.2010 JETHRO TULL - Oslo - Sentrum Scene 02.09.2010 SEVENTH WONDER - Oslo - Elm Street 01.09.2010 JORN – Oslo - Rockefeller 25.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 3 - Tsjekkia 24.08.2010 GALLOWS - Bergen - Garage 24.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 2 - Tsjekkia 23.08.2010 GOJIRA - Bergen - USF Verftet 23.08.2010 BRUTAL ASSAULT 2010 - Dag 1 - Tsjekkia 07.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 3 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland 06.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 2 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland 05.08.2010 HEADBANGERS OPEN AIR 2010 - Dag 1 - På landet utenfor Hamburg, Tyskland 31.07.2010 TONY CAREY - Oslo - Gamla 29.07.2010 PUMA - Moldejazz 2010 - Forum, Molde 26.07.2010 BAD RELIGION - Oslo - Rockefeller 22.07.2010 KAMELOT - Trondheim - Blæst 17.07.2010 OSLO LIVE 2010 - Kontraskjæret |
![]() ![]() |











































