04.08.2017

TIEBREAKER - Natur, mørke og gitardominanse

Av Torger Havåg
(Karisma Records)

Tiebreaker_header_17.jpg
Fra Odda kommer TIEBREAKER, et band som hadde gleden av å åpne konsertprogrammet begge dagene under årets Malakoff i Nordfjordeid. Innimellom konsertene tok de seg heldigvis tid til en liten prat med ET's Torger Havåg. Her kommer....TIEBREAKER.

 

"You can be my king and i'll be your queen, lady,
i guess that's how it works
in this generation of mine"

-Pan American Grindstone

 

- Hav, sjø, krig, damer, pils, drit. Den er slemmare, ei mykje sintare plate.

Slik beskriv vokalist Thomas siste plata til Tiebreaker, Death Tunes. Ulikt den første plata, "We Come from from the mountains", er det verket mørkare, hardare og tøffare.

Og med det albumet tok Tiebreaker frå Odda i Hardanger verkeleg steget opp blandt Noregs mest lovande rockeband. Med massive gitarar, bluesdryppande, råe tekster, og ei unorsk dose "attitude", leverte dei ei av fjorårets beste plater.

 

Tiebreaker_press_4.jpg
 
Starten og Odda

Underteikna tok ein prat med trommis Pål Gunnar og vokalist Thomas på Malakoff i slutten av juli. Bandet vart starta av ein vennegjeng i 2011, etter at dei alle hadde vore aktive i Odda sitt bandmiljø i mange år. Korleis var miljøet i Odda på den tida?

-Odda har jo ein stor bluesarv, det er jo ein industriby. Vi lærte vel å spele på ungdomsskulen, og fekk kome tidleg ut å spele, ved god hjelp av det musikkmiljøet som var der.

Det verkar som at staden også har påverka tekstane og musikken?

-Vi har jo vokst opp i med denne naturen rundt oss, så det er naturleg at det påvekrar oss. Spesielt førsteplata er jo mykje fjord og fjell....Hardanger det, då, sjølvsagt!

Friheit og folkehøgskule

Året etter byrja dei saman på Trøndertun Folkehøgskule, og møtte Olav Areklett Vikingstad, som seinare vart med på gitar.

- Vi tok med oss alt vi hadde av utstyr, og flytta opp dit. Folkehøgskulen gav oss veldig stor friheit, og fasilitetane var jo også heilt fantastiske. Der var det jo speling heile tida, og mange øvingsrom. Og  om vi sa vi skulle på turnè i fem veker, så var ikkje det noko problem, berre stikk, sa dei! Så det er klart, det året var viktig for oss.

Gitar er bedre!

Året på folkehøgskule resulterte i ein sjølvtitulert EP frå bandet, og to år seinare kom første albumet, "We come from the Mountains". Bandet hadde allereie fått spele ein del i Norge, men fekk også komt seg til USA, og spelte mellom anna på den prestisjetunge bransjefestivalen South by South West, i Texas. Og i fjor kom også oppfylgaren, "Death Tunes", som med sitt sinne og mørke, viste ei ny side ved bandet.

-Eg trur det kjem av at vi byrja å spele så unge. Då vert læringskurva så jævlig bratt. Og det vi laga blir jo berre til som eit resultat av musikken vi høyrer på, sant. Og i starten var vi kanskje mest påverka av bluesen, sidan vi kom frå det miljøet i Odda, og på første plata var det en del av den sørstatsgreia, mens på "Death Tunes" har vi funne ein meir reindyrka stil, med mykje gitar, og det er der vi høyrer heime. På Ep-en hadde vi organist, mens på "Mountains" var det vel berre ein innom, på noko av den. Og no er vi utan, men med ein ekstra gitarist, i Olav, som vart med før "Death Tunes". Så om vi tar med EP-en også, så har det vel vore tre ulike lydbilder, og den greia med tangentar var kult det, men gitar er enda bedre!

 

Tiebreaker_Malakoff_17.JPG
TIEBREAKER live @ Malakoff 2017
(Photo: Torger Havåg)
 
 
Death Tunes

Men korleis vart "Death Tunes" til? Jo, ved hjelp av eit friår, og ei hytte i Etne.

-Vi hadde lenge tenkt at vi skulle ta eit friår frå studier og jobb, og satse heilt og fullt på musikken. Og Det gjorde vi også, i fjor haust. Så vi stakk til Etne, ei lita bygd på vestlandet, der Eirik har ei hytte, og der skulle vi skrive plate. Så vi booka øvingsrom og studiotid tre månader fram i tid, og då måtte plata vere ferdig. Men så stakk vi på turnè, då Enslaved ville ha oss med på europaturen sin, så då mista vi ein månad, så det vart litt hastearbeid der på slutten. Men vi jobba hardt, og plate vart det!

Korleis var det å lage musikk under press? Det er kanskje ikkje alle som likar den måten å gjere det på?

-Det er jo deilig å ha god tid, men då blir det fort at det ikkje vert gjort noko i det heile. Samtidig er det skikkelig kjekt å dra på turnè, og det tilbodet frå Enslaved var litt for dumt å takke nei til! Men, altså, vi skal ikkje prøve å late som at vi er så jævla kreative å kule, og sei "neinei, vi berre ventar på at musikken kjem til oss!". Vi er vandt med, og er forbredt på, at om ein jobbar skikkelig hardt, så kjem det god musikk ut av det. Det er vår tilnærming til den prosessen, og det trivst vi veldig godt med.

Det er jo kanskje ei låt som skil seg ut på "Death Tunes", nemleg siste spor, "Heavy Lifting". Du Pål har vore med på det meste av tekstene her, og den siste står du jammen bak heilt sjøl? Korleis laga du den?

-Stemmer! Eg har full forståelse for at det kan vere vanskeleg å sjå føre seg ein rocketrommis som set seg ned og skriv ei ti minutt lang ballade, liksom! Men dei siste åra har eg skrive meir og meir tekst. "Heavy Lifting" er veldig mørk, "Ultimate darkness!". Var dritings, sat og spelte piano, og hylte i stova, så det byrja vel med teksta, og så gjekk det derfrå.

Det er jo berre ei av dei mørke låtene på plata. Var det ein tanke bak tema og lydbilde før de starta?

-Sjølve temaet kom vel til underveis. Men då vi byrja å lage musikk til den plata, så forstod vi jo kor vegen gjekk, for å seie det slik. Og tekstene blir jo uansett til undervegs. I tillegg hadde vi denne gongen med oss Bjarte Lund Rolland frå Kvelertak som produsent, og han var svært delaktig, spesielt med tanke på lydbildet. Det var veldig kult å jobbe med han, for vi prøver jo undervegs å vere demokratiske, alle fem. Men det vert alltid ueinigheiter om kva som er bra, og kva som ikkje er det, og då var det skikkelig bra at han kom inn og sa kva som funka, og kva som ikkje gjorde det. Brutalt og ærlig, og det var deilig!

Så då for vi krysse fingrane for meir deilig gitarrock frå Tiebreaker i framtida, og i mellomtida lytte til ei lang, mørk ballade.

 

"Now I've found my peace, I've been digging my tomb
Your cold twisted eyes came bearing with the doom
And there will be days, when the stone come rolling down
Hold your head to your heart, boy, this mountain will stand."


-Heavy Lifting

 

https://www.facebook.com/tiebreakerofficial/

https://www.facebook.com/darkessencerecords/

 

 



Andre artikler:


11.12.2017 DARK NIGHT-BLACK LIGHT: AN INTERVIEW WITH NWOBHM LEGENDS THUNDERSTICK
24.09.2017 BELPHEGOR - Spells of Reflection
07.08.2017 DIMENSION F3H - A Wake of Vultures
04.08.2017 TIEBREAKER - Natur, mørke og gitardominanse
22.07.2017 CHONTARAZ - Har planen klar
03.07.2017 THE VOYNICH CODE - Share the same passion about heavy music
24.06.2017 MAMMÜTH - Outlander Track by Track
20.06.2017 ORIGIN - Variety is the spice of life
12.06.2017 VÖLVUR - Ny eventaktør i Bergen
08.06.2017 ROB MULES RECORDS - Nytt norsk plateselskap
24.05.2017 BERNIE TORMÉ - Dublin Cowboy
18.05.2017 VICINITY - Another Recurrence
08.05.2017 SOEN - A chat about good songs and wolves
10.04.2017 To a Thunderous Beat of Impending Doom - Part Two
09.04.2017 To a Thunderous Beat of Impending Doom - Part One
15.03.2017 BRUTAL KUK - 2016 og litt til
13.03.2017 WOLF TO THE MOON
10.03.2017 SNAKEOIL KASSETTFORLAG
27.02.2017 LEIF NEVERDAHL - A Dive...
15.02.2017 BLACK STAR RIDERS - Coming Under Heavy Fire
05.01.2017 EINHERJER - Dragons Of The North XX
10.11.2016 NITERAIN - Vendetta
08.11.2016 KRATER – En festival til svart glede for oss i undergrunnen
03.11.2016 FROM THE VASTLAND - Sina
11.10.2016 FAUSTIAN DRIPFEED - Be quick or be death
04.10.2016 ARS VENEFICIUM - Damnation of the soul and songs of chaos
18.09.2016 KHONSU - Klar med skive nummer to
08.09.2016 DAMON JOHNSON - Echoes, Scars and Quality Songs
02.09.2016 ANDREA CHIRULESCU - Fotograf og gledesspreder!
28.07.2016 THRONE OF HERESY - Live for Death