Søkeord:   


17.10.2017

MAJOR PARKINSON

Blackbox

Anmeldt av Torger Havåg
(Karisma Records, 2017)

Karakter: 5/6

MajorParkinson-blackbox.jpgPersonleg har eg alltid hugsa Major Parinson som den litt onde tvillingen til Kaizers. Eg hugsar ikkje kven som sa det, men det festa seg. Eg hugsar også godt ”hiten” dei hadde med ”Heart of Hickory” for ein del år sidan, men utanom det, hadde eg eit avgrensa forhold til bandet før deira nyaste plate, ”Blackbox”, datt ned i eposten min for ein del veker sidan.

Blackbox er frå første lytt ei utruleg solid og godt produsert plate, med tanke på lyden. Det er tydeleg at bandet legg mykje i å skape eit lydbilde som både er plettfritt teknisk, men rikt på detaljar. For enkelte kan slik perfeksjonisme vere irriterande, og nokre band tek den plettfrie lyden så langt at det vert for polert. Men ikkje hos Major Parkinson, her gir den gode lyden meg respekt for det store arbeidet som åpenbart er gjort med innspelinga.

Og når det gjeld det musikalske, er ikkje det noko mindre grandiost, nei her er det både orkester, strykarar og eit hav av ulike instrument, som alle passar inn. Men, det krev sin lyttar, noko som eg er viss på er akkurat det bandet er ute etter. Sjølv var det kanskje berre ei låt, den enklaste og mest fengjande låta, ”Madeleine Crumbles”, som eg likte dei første gjennomlyttingane. No har eg sansen for heile plata, som eit samla verk.

For det er verkeleg ei plate som bør høyrast frå start til slutt, og helst med eit godt headsett, eller eit solid HiFi-anlegg. Frå den mørke og seige starten, med ”Lover, Lower me Down!”, som går over i ”Night Hitcher”, er tonen for første del av plata, satt. Dette er mørkt, suggerande, og dystert, men det pirrar nysgjerrigheita, og den mørke stemma til vokalist Jon Ivar Kollbotn, er perfekt innepakka i bandets orkestrering.

Det korte tredjesporet ”Before The Helmets” gir ein liten pause, men også eit frampeik, då det består av ein nedstrippa bit av ”Madeleine Crumbles”. Temaet er satt, både musikalsk og tekstlig, og dei kjem att gjennom heile plata. Så kjem det første av to 10-minuttersverk på plata, ”Isabel – A Report to an Academy”. Oppbygginga er nydelig, og det rolige bruddet mitt i låta er noko av det mest elegante på heile plata. Her kjem også gjestevokalist Linn Frøkedal inn for første gong. Ho gir ein fin motpart til Kollbotn gjennom resten av plata, med si nydelige stemme.

Etter dette eposet kjem det igjen ein kort pause, i form av ”Scenes from Edison’s Black Maria”, som er den perfekte overgangen til ein mykje meir livlig andre del av plata. Den startar med eit smell, med ”Madeleine Crumbles”, låta som fengja meg frå første lytt, og som bør kunne få speletid på radio her til lands, i mine øyrer. Ingen kan lage xylofonriff som Major Parkinson! ”Baseball”, den andre av dei to langlåtene, viser bandet på sitt mest typiske, med mykje aggressiv og absurd tekst pressa inn i versa, på ein skrudd, men stilig måte. Hovudriffet set som eit skudd, og er det beste på plata. ”Strawberry Suicide” roar det heile ned, og står fram som den finaste låta på plata, og tittelkuttet ”Blackbox” rundar av på ein passande måte.

Totalt sett er albumet meget godt gjennomført, og ein fornøyelse, dersom ein tek seg tid til å høyre det nok gongar, slik ein skal med prog. Enkelte stadar er det kanskje litt for omstendeleg, men det er ei smaksak, og Major Parkinson har verkeleg laga ei plate det står respekt av, både musikalsk og tekninsk. Forhåpentligvis vert det mulig å sjå det live også, det trur eg vil bli ei oppleving!

https://www.facebook.com/majorparkinson/



Andre omtaler:


16.10.2018: REVOCATION - The Outer Ones
15.10.2018: URIAH HEEP - Living the Dream
15.10.2018: ME AGAINST THE WORLD - Breaking Apart
14.10.2018: SILVER DUST - House 21
13.10.2018: OAK - False Memory Archive
12.10.2018: AETERNUS - Heathen
11.10.2018: SNAKES IN PARADISE - Step Into the Light
10.10.2018: GROUNDBREAKER - Groundbreaker
09.10.2018: DRAEAM CHILD - Until Death Do We Meet Again
08.10.2018: VOLA - Applause of a Distant Crowd
01.10.2018: LIGHT THIS CITY - Terminal Bloom
24.09.2018: ÅRABROT - Who Do You Love
17.09.2018: MONSTROSITY - The Passage Of Existence
11.09.2018: DERDIAN - DNA
11.09.2018: DYING FETUS - Wrong One to Fuck With
09.09.2018: SLAAMASKIN - M
08.09.2018: VEISLAKT - Sandnes Undergrunn Circus & Kabaret
05.09.2018: MATT RICHARDS & MARK LANGTHORNE - Somebody to Love: The Life, Death and Legacy of Freddie Mercury
04.09.2018: UNKNOWING - Beyond The Eyes Of Deceit
01.09.2018: DEPRAVITY - Evil Upheaval