Søkeord:   


11.01.2018

AUDREY HORNE

Blackout

Anmeldt av Torger Havåg
(Napalm Records, 2018)

Karakter: 5.5/6

audreyhorne_album.jpgAudrey Horne er eit band eg har fylgt lenge, og hugsar godt frå tida eg studerte i Bergen. Alle i bandet var ofte å sjå i sentrum av byen, og då spesielt i miljøet rundt Garage. Eg oppdaga dei for alvor først på den sjølvtitulerte plata som kom i 2010, som eg omtrent høyrte i hjel. Dei to platene som har komt sidan det, satte ikkje like store spor i meg, men var likevel av høg kvalitet.


No er dei tilbake, med plata Blackout, og denne gongen er det umiddelbart eit låtmateriale som bankar seg rett inn hos meg. Det heile startar knallhardt med den kjappe og nokså tunge ”This Is War”. Audrey Horne er tilbake med ei klassisk opningslåt det luktar svidd av. Den følgast opp av eit komande ”konsertanthem”, i form av ”Audrevolution”. To låter som nesten garantert vert opninga på dei komande konsertane til bandet, og som også er dei to første singlane frå plata.


Det heile fortsett med den hærlige tittellåta ”Blackout”. Der dei to første er moderne tungrock, er dette eit stikk mot den klassiske rocken, som få her til lands gjer betre enn Audrey Horne. Det viser dei også på den rolige, men fine ”This Man”, og på den prangande ”Midnight Man”, før det er tilbake mot hardrock/metal-sporet på ”Light Your Way”, der spesielt trommeslagar Kjetil Greve får briljere.


Men den verkelege rosina i rockebratwürsten som er ”Blackout”, er for meg låta ”California”. Makan til deilig rock har eg ikkje høyrt sidan den ”Out Of The City” av same band. Deilig riff, nydelig melodi, og klassisk rocketematikk i teksta. Her var eg solgt frå første lytt, og låta tek meg med til ein motorveg i statane, i ein svart Mustang, køyrande mot soloppgongen.


”Sattelite”, og den doble avsluttinga med ”Naysayer”/”Rose Alley” er ei nesten perfekt avrunding på det som eg trur vil kome inn på lista over årets beste rockealbum. Audrey Horne har gjort det igjen, og ”Blackout” osar av syskarpe riff, fengjande refreng, og ikkje minst mengdar av speleglede. Eg veit dette er eit eit eminent liveband, og når ein høyrer denne plata, er ikkje det vanskeleg å forstå. Kort sagt: Ein klassisk seiersgang innan rock!

https://www.facebook.com/AudreyHorneOfficial/



Andre omtaler:


16.01.2018: WHITESNAKE - The Purple Tour
14.01.2018: MONOLITHE - Nebula Septem
11.01.2018: AUDREY HORNE - Blackout
08.01.2018: BLACK SABBATH - The End – 4 Febuary 2017 Birmingham
07.01.2018: MAGICK TOUCH - Blades, Chains, Whips & Fire
06.01.2018: YES - Topographic Drama – Live Across America
01.01.2018: SHINING - X - Varg Utan Flock
26.12.2017: IRON MAIDEN - The Book of Souls: Live Chapter
21.12.2017: VENOM - 100 Miles to Hell
20.12.2017: SAMSON - Mr. Rock and Roll: Live 1981-2000
19.12.2017: DREADFUL FATE - The Sin of Sodom
19.12.2017: DUCKWALK CHUCK - High Speed City
18.12.2017: FUNERAL CHANT - Funeral Chant
18.12.2017: FRETMIDEN - Omen
16.12.2017: CHARLIE BONNET III - Sinner WWith a Song
15.12.2017: TUSMØRKE - Bydyra
14.12.2017: VON HERTZEN BROTHERS - War is Over
14.12.2017: TRIGGERFINGER - Colossus
12.12.2017: GALACTIC COWBOYS - Long Way Back to the Moon