Søkeord:   


08.02.2018

AVENGED SEVENFOLD

The Stage - Deluxe edition

Anmeldt av Torger Havåg
(Capitol, 2017)

Karakter: 2.5/6

avenged.jpgSom så mange andre før dei, gjer Avenged Sevenfold det dei må for å halde hjula på bandskuta i gang, og gir like godt ut ei utvida utgåve av deira siste plate "The Stage". Den inneheld ein del bonuskutt, i form av coverlåter. Mange her er relativt ukjente, men også gode gamle klassikarar som "As Tears Go By" av Stones og ikkje minst "Wish You Were Here" av sjølvaste Pink Floyd. I tillegg er det slengt på fire livespor, som gjer at dette faktisk vert ei skikkelig utvida utgåve.

Dei fleste låtene har eg ikkje noko forhold til frå før av, men er fint framførte, på ein trygg, men likevel ikkje kjedelig måte. A7X, som bandet vert forkorta ned til, er til dei grader ein komersiell metalgigant, men klarer i mine øyrer likevel å halde på sin kredibilitet. Og med "The Stage" gjekk dei nye vegar, med eit meir progga lydbilete, og ingen promo før plata plutselig kom ut.

Likevel er det som sagt relativt trygge versjonar av låtene dei covrar, og dei høyrest stort sett veldig like ut. Når det er sagt, skal dei ha for å tørre seg på Pink Floyd, og her passar det faktisk med å legge seg såpass tett til originalen som dei gjer. "As Tears Go By" er også ein finfin versjon, og "God Only Knows" gir ei fin avrunding til coverdelen.

Alle bonusutgivelsar vil automatisk gi eit "tjene meir pengar"-stempel i mi bok, så det trekk ned heile opplevelsen i utgangspunktet. Men, det heile er for så vidt greit nok gjennomført, og det er fint produsert, av eit band med dyktige musikarar. Men eg ventar heller på neste plate, enn å høyre på denne bonusutgåva spesielt mange fleire gongar.

http://avengedsevenfold.com/



Andre omtaler:


18.01.2019: DEATHTALE - Origin of Hate
17.01.2019: EMBRYONIC CELLS - Horizon
16.01.2019: STRIKER - Play to Win
15.01.2019: PALACE - Binary Music
14.01.2019: PROJECT ASSEGAI - Project Assegai
13.01.2019: WHITEMOUR - The Devil Inherits The World
12.01.2019: INSIGHT AFTER DOOMSDAY - Events Of Misery
12.01.2019: NEED2DESTROY - Show
11.01.2019: OBLITERATION - Cenotaph Obscure
11.01.2019: MAGIC DANCE - New Eyes
10.01.2019: TEN - Illuminati
09.01.2019: METAL CHURCH - Damned If You Do
09.01.2019: DEVIL'S HAND (featuring Slamer & Freeman) - Devil’s Hand
08.01.2019: SPIDERGAWD - V
08.01.2019: EVEN FLOW - Life Has Just Begun
07.01.2019: MOURNFUL CONGREGATION - The Incubus Of Karma
06.01.2019: KILL EVERYTHING - Scorched Earth
05.01.2019: ALL THAT REMAINS - Victim Of The New Disease
04.01.2019: LORDS OF THE CEMETERY - Path of Damara
03.01.2019: PAIN CITY - Keep It Real